Enten du vil slappe av ved sjøen, ha eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet, eller rett og slett treng ein stad å overnatte, så er Årskogvika camping den ideelle staden.
Plassen ligg solvendt midt i fjorden, og dei fire romslege hyttene er plassert berre eit kort steinkast frå fjorden og har ei av dei mest praktfulle utsiktene i Nordfjord. På sommaren kan du nesten ta på dei store cruisebåtane som dagleg seglar forbi. Her kan du sitte ved strandkanten å sjå fire fjordar møtast, bade, nyte sola som speglar seg i klukkande bølgjer, eller saman med familie eller vener ta kortare eller lengre dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og på Sunnmøre.
På vinteren er det ein god stad for familie og vener å bruke kveldane etter hektisk vinteraktivet, enten du vil har vere i alpinanlegga ved Harpefossen eller på Utvikfjellet, eller dei mange andre turhøva i oppkøyrde løyper eller urøyvd natur i Nordfjord.
Den som ønskjer ein tur på fjorden, enten for å fiske, sjå, eller for å slappe av, kan leige ein av campingplassen sine båtar.
Vi har fire høgstandard hytter som kan brukast like godt på vinteren som på sommaren. Vi har også «Bua», for dei som vil ha eit enklare alternativ.
Storhyttene er vinterisolerte og har god plass og er godt utstyrt for 5 personar. Hyttene har kjøkenkrok, stove med sofagruppe og spisebord, to soverom med to og tre sengeplassar, entré og bad med varmekablar, vask, toalett og dusj, og TV med parabol. Kjøkenet er utstyrt med oppvaskmaskin, oppvaskkum med varmt og kaldt vatn, komfyr, og kjøleskap m/fryseboks, kaffitraktar, samt dekketøy for seks personar. Det er også høve til å få vaska klede i vaskemaskin i fellesanlegget. På verandaen framfor hytta kan du nyte den flotte utsikta over fjorden og fjella.
«Bua» er ei enkel og koseleg hytte med plass til 3 personar. Hytta ligg lunt og solvendt til ved den gamle vegen gjennom bygda. Her finn du ein kjøkenkrok med kokeplater, kjøleskap, og vask med kaldt vatn. Her er dekketøy for fire personar. Er du gjest på «Bua» brukar du dusj og toalett i fellesanlegget på campingplassen.
Satsar du på teltferie, har vi ein koseleg teltplass heilt i sjøkanten. Her er ikkje plass til så mange telt, men som teltturist får du ei av dei den finaste utsiktene ein teltplass kan by på.
Kjem du i bubil eller campingvogn finn du hjå oss ein usjenert plass rett ved både veg og fjord. Her er det høve til å slappe av, nyte fjorden og fjella, enten du vil sitje ved campingvogna, eller oppsøke naturen. Både fellesanlegget og dei andre tilboda våre står til disposjon.
Som campinggjest her har du sjølvsagt fri tilgang til fellesanlegget på plassen der du finn dusj, toalett og vaskerom.
Frå Årskogvika camping har du eit glimrande utgangspunkt for korte og lengre turar i området. Alt rett utanfor hyttedørene på Lote finn du fine naturopplevingar og turar i alle mosjonskategoriar. Ein tur du bør få med deg er turen til Lotsstøylen på 480 moh, enten du tek den i bil eller til fots. Frå støylen kan du gå grusvegen vidare til sendaren på Sagtindane 1022moh. Støylen er også eit godt utgangspunkt til Lotsbergnibba, Svartegga og andre toppar i området. Du kan også ta turen til Lotsberg og gå vidare til fjellgardane Indre og Ytre Åsane. Spør oss, så skal vi gje råd.
Hopland
Tvinnefossen
Sandane, 20 minutt
Måløy, 40 minutt